Ny husleigelov likevel?
Dagleg leiar i Leieboerforeningen Anne-Rita Andal er fornøgd med dagens vedtak i Stortingets kommunalkomite. Foto: Kirsten Randers-Pehrson

Framleis håp om ny husleigelov

Mange blei nok skuffa over at budsjettforliket mellom SV og regjeringa ikkje nevnte noko om husleigelova. Men i dag har Stortingets kommunal- og forvaltningskomite vedteke at regjeringa likevel skal legge fram ein lovproposisjon i inneværande stortingsperiode, til tross for signal frå regjeringshold tidlegare i haust om at loven skulle leggast vekk. Dermed er det framleis håp om å kome i mål med å styrke leigebuarane sin butryggleik i inneværande stortingsperiode.
Publisert:

Det har vore mykje fram og tilbake med husleigelova, og det kan være vanskeleg å holde oversikta. No skrivast det enno eit kapittel i kampen for ny husleigelov. Stortingets kommunalkomite har i dag behandla eit forslag frå SV, Arbeiderpartiet og Senterpartiet. Forslaget peikar tilbake på tidlegare vedtak om ny husleigelov, og komitemedlemmane frå SV, Senterpartiet og Arbeiderpartiet instruerar altså no regjeringa til å handsame eit lovforslag i inneværande periode.

Vedtaket lyder slik:

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rødt, viser til omtalen av vedtak 88 (2022–2023) i Meld. St. 4 (2024–2025), hvor regjeringen ikke legger opp til at en ny lov skal behandles i inneværende stortingsperiode, slik anmodningsvedtaket krever. Flertallet forutsetter at en ny lov behandles i inneværende periode.

Der betyr at regjeringa må leggje fram ein lovproposisjon for Stortinget innan 10. april for at den skal bli handsama i denne perioda. Dette er ein siger for SV, men også Arbeiderpartiet og Senterpartiets stortingsgrupper har lagt ned ein stor og viktig innsats, og dei binder no eiga regjering til tidlegare lovnadar. Det er vi svært takksame for.

Kva kan vi vente oss?

I oktober fekk regjeringa overlevert NOU-en «Ny boligleielov» frå husleigelovutvalget, der Leieboerforeningens Lars Aasen var eitt av utvalgsmedlemmane. Husleigelovutvalget har jobba iherdig for å levere NOU-en i tide, men heilt sidan lovutvalget vart nedsatt, har det vore lagt opp til at det kun var den fyrste delutredninga «Kontraktslengde og botrygghet i leieforhold» , som skulle handsamast i denne perioda. Grunnen til det var at lovutvalget kom seint i gang med arbeidet, som igjen skuldast at regjeringa brukte lang tid på å setje ned mandat og utval. Delutredning 2, som mellom anna tek føre seg retten til å gjere endringar i bustaden,  prisvernbestemmelsen og leigebuarmedverknad, skal altså uansett ikkje handsamast i denne perioda, mens delutredning 1 har ei rekkje fleirtals-forslag og einrøystes forslag som er gryteklare for stortingshandsaming. Delutredning 1 har også vore ute på høyring. Her finn vi mellom anna forslag til lovbestemmelsar om

  • Forlenga minstetid frå 3 til 5 år i private, kommunale og profesjonelle utleigebustadar, med unntak frå sokkelbustadar, der det framleis vil være eitt års minstetid
  • Forbud mot bindingstid i leigekontrakter - eit einrøystes forslag som vil avslutte ein praksis der leigebuarar blir låst inne i leigekontrakter
  • Rett til fornying av leigekontrakt - eit forslag som vil auke butryggleika for store grupper leigebuarar, med visse unntak

No er det viktig at regjeringa sender desse forslaga til Stortinget, slik at vi får styrka dagens husleigelov i inneværande periode. For i neste periode er det ingen som veit kva som vil skje, og å utsetje lovforslaga betyr i praksis at regjeringa fraskriver seg ansvaret for å styrke leigebuarane sin butryggleik – i strid med regjeringsplattforma.

Hard mostand både innanfrå og utanfrå

Ein del av kritikken har gått ut på at det er mykje usemje i lovutvalget. Det stemmer at lovforslaget er prega av mindretalsmerknadar. Men lovutvalget fekk eit klart mandat – å styrke butryggleiken til leigebuarane. Likevel har eit fleirtal av utvalgets medlemmar, der mellom anna Huseiernes Landsforbund har hatt ein representant, ved fleire anleiingar røysta imot forslag som til dømes auke minstetid. Med ein utvalgssamansetnad der leigebuar-representantane har vore tydeleg i minus når ein ser på voteringane i NOU-en, kan ein spørje seg om regjeringa har gjort ein god nok jobb med å nedsetje utvalget. 

Forslaga til den nye lova er moderate, og ikkje alle forslaga går i leigebuarane sin favør. Til dømes har utvalgets fleirtal foreslått at utleigar som bur i same hus som leigebuar framleis skal få leige ut på eittårige kontrakter. Sokkelsegmentet utgjer nesten ein tredjedel av utleigebustadane, og dette betyr at ei stor gruppe leigebuarar framleis må leve med kort tidshorisont og lav butryggleik.

Gjennom heile 2024 har debatten om lovforslaga gått med høg temperatur, og med overraskande sterk motstand frå bransjeorganisasjonen for profesjonelle utleigarar, Norsk Eiendom. Leieboerforeningen har hatt god dialog med Norsk Eiendom sidan dei blei oppretta, og også med fleire av dei profesjonelle utleigarane som er medlem der. Dei profesjonelle utleigarane har snakka lenge og høgt om sine vyer for å styrke leigebuarane sin butryggleik. No veit vi fasiten – dei profesjonelle er opptekne av at eventuelle endringar skje på deira egne premissar. Det kan godt være at dei vil innføre langsiktige leigekontrakter eller leggje til rette for andre tiltak som styrker bukvalitet og butryggleik, men dei vil sjølv bestemme om og når det skal skje, og dei vil ikkje la seg diktere av statlege reguleringar. Dei har kjempa hardt for å parkere loven, med kraftsalver som at lovforslaget vil være spikeren i kista for den profesjonelle leigesektoren.

Eiendom Norge

Enno meir overraskande er det at den vesle lobbyorganisasjonen Eiendom Norge har gått til frontalangrep på lovutvalgets anbefalingar. Eiendom Norge er ein bransjeorganisasjon for eigedomsmeklarforetak – mange av dei eigd av bank- og forsikringsnæringa -  og har dermed inga direkte tilknytning til leigesektoren. Dette er altså ein bransjeorganisasjon som i stor grad representerar finansnæringa sine interesser. Likevel har Eiendom Norge jobba iherdig for å skape eit bilete av at leigesektoren ikkje vil tåle eit par års ekstra butryggleik for leigebuarane. Det er vanskeleg for Leieboerforeningen å forstå Eiendom Norges motivasjon, men det vi er sikre på, er at utleigebransjen kjem til å tåle dei moderate endringane og tilpasse seg desse. At utleigarar no trugar med å selge seg ut av marknaden, skuldast heilt andre faktorar enn at voksne folk skal få lov til å henge opp eit bilete på stova utan å be om lov, eller at bornefamiliar skal kunne senke skuldrane i eit par år ekstra og vite at leigekontrakta ikkje skal opp til vurdering neste år.

Feil og mangler

Blant Leieboerforeningens medlemmar fortel 70 prosent av dei har funne feil eller manglar i bustaden ved eller etter innflytting. Mange vel å ikkje gjere noko med feilen, av frykt for å få ein dårleg relasjon til utleigar, og tilsvarande mange fortel oss at dei fekk ein dårlegare relasjon til utleigar etter å ha meldt i frå om feilen. Dette handlar i stor grad om manglande butryggleik. Når du veit at leigekontrakta går ut på dato snart, og du er redd for å måtte flytte, så er det ikkje så rart om du holder munn om muggsopp på badet eller vindauge som ikkje er tette.

Fordi vi har for få utleigebustadar i Noreg, er leigesektoren no inne i ei langvarig krise. Stadig fleire leigebuarar slit med å få endane til å møtast. Dette kan gi utslag i alt frå psykisk helse til overskridingar i kommunenes sosialstønad-budsjett. I Leieboerforeningen har vi fått så mange nye medlemmar at vi har innført inntaksstopp. Vi klarar ikkje lengre å hjelpe alle som ber oss om det, og vi er ikkje den einaste. Husleigetvistutvalet, Forbrukerrådet og studentdrevne rettshjelpstiltak melder også om stor pågang og lang ventetid. Difor er det viktigare enn nokon sinne å få på plass reglar som styrker leigebuarane sin posisjon og som gjør at leigebuarane tør å seie i frå om dårlege buforhold og ulovlege husleigeauker utan risiko for å miste heimen sin.

Marknadsstyr leigesektor

Den norske bustadpolitikken generelt, og leigesektoren spesielt, er ein av Europas mest marknadsstyrte og minst regulerte. Kanskje er utleigebransjen redd for at desse små, men viktige forbetringane er starten på ein leigebuarrevolusjon? I Leieboerforeningen har vi ingen planar om å snu leigemarknaden på hovudet. Leigebuarane er heilt avhengige av både profesjonelle og private småskala-utleigarar, og på mange område har Leieboerforeningen samarbeida godt med dei som sit på den andre sida av bordet, mellom anna i prosjektet Boligmerket.

Men la det aldri være tvil om at vi jobbar for at leigebuarar skal kunne bu trygt og godt. I dag er vi milevis unna dette målet, og mykje av grunnen ligg i manglande politiske prioriteringar.

Leigebuarane blir skattediskriminerte, retten til bustad er nesten ikkje-eksisterande i det norske lovverket, og Husbanken har altfor få virkemidlar for leigesektoren – for å nevne noko. Leigebuarar kjenner på stigma og skam, og opplever i liten grad den butryggleiken som bustadeigarar har. Å komme seg inn på bustadmarknaden er også stadig vanskelegare, fordi den underdimensjonerte og overprisa leigesektoren ikkje lenger muliggjer sparing til eigenkapital.

Det kokar i leigemarknaden. Konfliktnivået er skyhøgt, og det er ingen teikn til betring med det fyrste. Regjeringa har i si eiga plattform lova oss at dei skal styrkje leigebuarane sin butryggleik. Våren 2025 er difor  regjerimga sin siste sjanse til å holde løftet dei har gitt landets 1 million leigebuarar.

Vil du engasjere deg?

NOU-en NY boligleielov er ute på høyring, med høyringsfreist 31. januar neste år. Medlammar i Leieboerforeningen som ønsker hjelp å skrive høyringssvar, kan melde seg på gratis skriveverkstad 15. januar, for å få svar på spørsmål om lovforslaget. Vi arrangerar også innspelsmøte for organisasjonar 14. januar. Ta kontakt med oss på lbf@lbf.no dersom du vil delta som medlem eller som representant for ein organisasjon.