Samtalar om bustadpolitikk: Den bustadsosiale politikken

Samtalar om bustadpolitikk: Den bustadsosiale politikken

I 2024 og 2025 skal Leieboerforeningen utforske nokre av aspekta ved bustadpolitikken som ikkje får nok merksemd, gjennom ein samtaleserie finansiert av Husbanken. Torsdag 30. januar står den bustadsosiale politikken for tur, og du er invitert.
Publisert:

30. januar arrangerar vi den andre samtala i serien, og denne gongen skal vi snakke om eit tema som opptar oss i Leieboerforeningen i stor grad, men som får lite politisk merksemd - den bustadsosiale politikken. Vi spør oss sjølv om korleis vi kan organisere den bustadsosiale politikken betre, og om vi faktisk treng ein bustadsosial reform. Med oss i samtala har vi Inger Lise Skog Hansen frå FAFO, Mari Seilskjær frå Kirkens Bymisjon og Håvard Aaslund frå OsloMet.

Den bustadsosiale politikken er nedprioritert

Den bustadsosiale politikken retta mot leigebuarar har mange utfordringar. Det er for få kommunale bustadar i forhold til behovet, og husleigene er ofte marknadsbaserte. Mange kommuner har eit mål om gjennomstrømning av bebuarar, og den kommunale bustadsektoren er meint som eit mellombels butilbud til dei aller mest vanskelegstilte. Korleis harmonerar målet om gjennomstrømning med sårbare bebuarar sine behov for butryggleik? Og må det være slik at behova til dei som står i kø for å få ein kommunal bustad skal setjast opp mot behova til dei som allereie bur kommunalt?

Og kva med dei vanskelegstilte som ikkje får vedtak på kommunal bustad fordi kommunene ikkje har nok bustadar – korleis har dei det på den private leigemarknaden? Nokre av desse får tilbud om private leigeforhold gjennom tilvisningsavtaler, medan andre må finne seg bustad sjølv på den private marknaden. Sjølv om dei kvalifiserar for kommunal bustad, får dei det ikkje, og dei får heller ikkje tilgang på rettigheiter som bebuarar i kommunale bustadar får.

Vanskelegstilte i ein marknadslogikk

Dei marknadsbaserte husleigene gjør leigebuarane avhengige av behovsprøvde bustøtteordningar. Kva gjer det med bebuarane at dei blir avhengig av behovsprøvde stønadsordningar for å kunne bu, og korleis slår dei høge husleigene ut på budsjetta for sosialstønad til bydelar med mange kommunale bustadar?

Alle skal bu

Nedbyggjing av døgnplassar i psykiatrien og rusomsorga har gitt kommunene et større ansvar for å busetje personar med alvorlege helseproblem. Mange med psykiske helse- og rusproblem får tildelt kommunal bustad. Samstundes er det begrensa tilgang på bustadar med tilknytta personalbase, eller andre særlig tilpassa bustadtilbod. Korleis påverkar dette den kommunale bustadsektoren og bumiljøet i dei kommunale bustadane, og er det behov for eit større innslag av særleg tilpassa bu- og tenestetilbod til denne gruppa?

Om panelet:

Inger Lise Skog Hansen er sosiolog og seniorforskar ved forskningsstiftelsen FAFO, og har særlig kompetanse på bustad og tenester til personar med alvorleg psykisk helse og rusproblemer. Håvard Aaslund er førsteamanuensis ved institutt for sosialfag ved OsloMet, og underviser og forskar mellom anna på sosiale bevegelsar, bustedsløyse og bustadsosialt arbeid. Mari Seilskjær er jurist i Kirkens Bymisjon, og jobbar som rådgiver for rettigheiter og politikk, og med påvirkningsarbeid om bustadsosial politikk. Samtala modererast av Leieboerforeningen

Praktisk om samtalen

Arrangementet er gratis og åpent for alle. Det blir frokost frå klokka halv ni, og samtala startar klokka ni på Cafe Saba i Hollendergata 10 - rett ved politi-huset/Grønland kirke (kartlenke). 37-bussen stopper rett ved.

Du må fylle ut eit skjema slik at vi vet kor mange som kjem. Klikk her eller scann QR-koda under for å bli med.



Om denne serien: Kvifor er det så lite vilje til å endre bustadpolitikken, når utfordringane er så store? I denne samtaleserien skal vi utforske ulike delar av bustadpolitikken saman med kloke gjestar som kan og meinar mykje om norsk bustadpolitikk. Samtalene er sponsa av Husbanken.