Første mai, husleigetak og medlemsmøter
Foto fra 1. mai toget 2023
På trass av litt varierande vær deltok mange medlemmar når Leieboerforeninga feira 1. mai. Det vart ei særs triveleg feiring.

Første mai, husleigetak og medlemsmøter

2023 ser ut til å bli et turbulent år for mange leigebuarar. Med ein pressa utleigemarknad, inflasjon og ein høg vekst i konsumprisindeksen (KPI) stiger husleigene meir enn på lenge. Samstundes får leigebuarsaka meir merksemd enn tidlegare. Fleire har byrja å peika på alternative modellar for å organisera leigesektoren og partiet SV har fått gjennomslag hjå regjeringa for å ei ny husleigelov.
Publisert:

Med dette bakteppet har Leieboerforeninga denne våren sett i gang ei satsing på å mobilisera medlemmane våre i bustadpolitiske spørsmål og ei styrking av medlemsdemokratiet i foreininga. Responsen frå medlemmane har vore god og me gler oss til å halda fram med arbeidet.

Medlemsmøter

I januar byrja me å arrangera jamnlege medlemsmøter. Me har hatt eit digitalt møte for medlemmar i heile landet og fire månadlege fysiske møter for medlemmar i Oslo-området. Møta har hatt konsistent godt oppmøte med mellom 10-20 medlemmar, i tillegg til tilsette i foreininga. Desse møta har vore ein arena der medlemmane kan ta opp dei sakene dei er opptekne av og der dei tilsette kan dela informasjon om det daglege arbeidet frå administrasjonen si side. I diskusjonane har me særleg hatt fokus på korleis me kan voksa, rekruttera fleire og auka organiseringsgrada hjå leigebuarar. I tillegg har me snakka om kva type tilbod om kurs og kompetanseheving me burde utvikla i foreninga.

Medlemsmøta har òg vore ein måte å kobla medlemmane på dei dagsaktuelle bustadpolitiske stridsspørsmåla. Det gjelder særleg arbeidet med å få på plass ei ny husleigelov og kravet om eit husleigetak for å bremsa prisveksten i leigemarknaden. Partiet Raudt fremja den 9. mars eit forslag om husleigetak i Stortinget. I framkant av dette jobba Leieboerforeninga saman med ei rekke andre sivilasamfunnsorganisasjonar, inkludert Reduser Husleia, for å moblisera støtte for forslaget. Me publiserte eit opprop, filma ein aksjonsvideo, gjennomførte ei kampanje på sosiale medier og besøkte Stortinget for å følga behandlinga av forslaget. Sjølv om forslaget var nedstemt i Stortinget er me nøgde med måten saka skapte merksemd på og bidrog til å mobilisera leigebuarar.

Det har vore ei relativt fast og svært stødig gruppe av medlem som har møtt opp på dei fysiske medlemsmøta og bidrege i det politiske arbeidet. Dei tilsette i Leieboerforeninga ynskjer å synleggjera og takka for engasjementet desse medlemmane har bidrege med. Det er den type engasjement som gjer at me held fram med å voksa og får bustadpolitisk gjennomslag.

1. mai

Mange av desse medlemma deltok òg når Leieboerforeninga feira 1. mai, arbeidarrørsla sin internasjonale kampdag i Oslo. Det vart ei særs triveleg feiring. Me fekk òg fekk brukt dagen til å gjera ein matnyttig organiseringsinnsats, samstundes som me koste oss. På trass av litt varierande vær! I framkant av dagen arrangerte me ein plakatverkstad, der medlem og tilsette lagde handplaktar med ulike slagord til toget. Her vart me ein liten gjeng, men var effektive og fekk produsert opp mot 40 plakatar. Desse hadde slagord som mellom anna:

  • Bolig være et velferdsgode!
  • Alle trenger et sted å bo! Alle trenger et hjem!
  • Menneskeverd for kommunale leieboere!
  • Reduser husleia!
  • Innfør tredje boligsektor – på EKTE!

På sjølve dagen arrangerte me fyrst ein frukost i lokala våre i Borggata. Der bidrog fleire medlemmar med å halda innlegg og matlaging. Me vart rundt 20 deltakarar, samt tilsette. I sjølve toget bar me ei av hovudparolene: Bygg ikke-kommersielle leieboliger nå. Seksjonen vår fekk svært god oppslutnad og vart ein av dei største i toget, med rundt 200 som gjekk saman med oss. I løp av dagen gjennomførte me ei innmeldingskampanje med halv pris på alle medlemskap i foreininga. Fleire medlemmar og tilsette brukte dagen flittig til å dela ut rundt 800 flygeblad med tilbodet og snakka med folk om kvifor dei burde organisera seg. Andre bidrog med tekst som blei delt på sosiale medier, saman med tilbodet Responsen i samtalane var svært god og me fekk opp mot 40 nye medlemmar i løp av dagen. Leieboerforeninga heldt òg ein bustadpolitisk appell saman med Reduser Husleia på eit kveldsarrangement etter toget.

I etterkant av 1. mai har me hatt eit fysisk medlemsmøte der me mellom anna snakka om korleis dagen hadde vore og vegen vidare for medlemsmøta. Det var semje om at ein ynskte å halda fram med møta og fleire medlem tilbaud seg å bidra i medorganisering av medlemsaktiviteten, saman med dei tilsette. Fram mot sommaren vil me snakka meir om korleis me kan gjera dette i praksis og vidare styrka medlemsdemokratiet i foreininga.